Medical jobs /

Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi, vikariat med moglegheit for forlenging

Hospital or practice
Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus
Location
Bergen, Norway
Career level
Resident (Assistenzarzt)
Posted
Oct 19, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.

Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS.

Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus.

Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss!

Oppstart 01.01.27 eller etter avtale.

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskaparVi tilbyr

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonKristin Viste, Einingsleiar, 55977812 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5196133474 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 09.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Apply on the employer's site →

Browse similar jobs