Medical jobs / Oncology /

Lege i spesialisering i onkologi

Hospital or practice
Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus
Location
Bergen, Norway
Specialty
Oncology
Career level
Resident (Assistenzarzt)
Posted
Nov 3, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 28 LIS-legar og rundt 43 overlegar.

Vi har no ledig vikariat (12 månaders varigheit) frå mars 2027 som lege i spesialisering i onkologi. Det kan vere moglegheit for vidareføring av vikariat og eventuelt fast stilling på sikt. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan. 

Tiltreding i stilling kan vere frå januar 2027. Opplys i søknaden om du ønsker å starte frå januar eller mars 2027.

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskaparVi tilbyr

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMartin Pilskog, Ass. seksjonsleiar, 41760139 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5200637845 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 16.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Apply on the employer's site →

More oncology jobs

Browse similar jobs