Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker 1 overlege i 100 % fast stilling, og 1 overlege i ei 12 mnd midlertidig prosjektstilling ved seksjon for infeksjon, lunge, allergi og akuttmedisin. Prosjektstillingen varer i 12 månader som del av prosjektet "Fremskutt kompetanse i mottak". Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400 medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling, opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne- og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.BUK sin aktivitet er samla i dei nye Glasblokkene, der også Fødeavdelinga og Klinikk Psykisk Helsevern for barn og unge er lokalisert. I Glasblokkene er det eit eige Mottak for Barn og Unge og ei pediatrisk røntgenavdeling. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løyst oppgåver innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.Seksjonen for generell pediatri ivaretar akuttpediatri, infeksjonar, lungesjukdommar og allergi og har ansvar for Barne- og ungdomsmottak og Barneovervakning. Seksjonen har også stor poliklinisk aktivitet. Seksjonen har høg pasientflyt, særleg i vintersesongen. Opplæring av LIS legar er også viktig i seksjonen. For tida har vi 7 overlegar på seksjonen. Arbeidsmiljøet er energisk og sosialt.Vi ønsker barnelegar med kompetanse innan akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og ein må rekne med å dekke fleire en eitt felt i sitt arbeid. Vi ser spesifikt etter søkarar som ønsker å fordype seg i allergologi, lungemedisin og/eller akuttmedisin. Eigenskapar vi ser spesielt etter er høg arbeidskapasitet, hjelpsomhet, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli vektlagt. Det er forventa deltaking i ei av vaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens behov.
Arbeidsoppgåver- Arbeid i poliklinikk, mottak, sengepost
- Det forutset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
- Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i barnesjukdommar med fordjuping er ønskeleg.
- Det blir lagt vekt på klinisk erfaring og fungering
- Søkarar med bakgrunn innan forsking vil bli vektlagt
- Gode samarbeidferdigheiter og ønske om å vere del av eit tverrfagleg team
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk
- God evne til skriftleg dokumentasjon
- Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
- Du har eit godt lag med folk
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonNinnie Helen Bakken Oehme, Seksjonsleiar, +4741701589 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5177968885 Stillingsprosent: 100% Fast, Engasjement Søknadsfrist: 17.11.2026Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.