Medical jobs /

Sommarvikariat medisinstudent med lisens - oftalmologi

Hospital or practice
Helse Førde Hf Førde Sentralsjukehus
Location
Førde, Norway
Posted
Oct 28, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer ein medisinstudent med lisens for sommaren 2027.Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027.

Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring innan, oftalmologi. 

Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, samt betydeleg kirurgisk aktivitet.

Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. 

Vi ber om at eventuelle ønskje om ferie i arbeidsperioden blir opplyste i søknaden.

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskaparVi tilbyr

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

KontaktinformasjonAndreas Dahl, Avdelingssjef, 991 03 573 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201507630 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 14.06.2027 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Apply on the employer's site →