Medical jobs /

Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Hospital or practice
Helse Møre Og Romsdal Hf Ålesund Sjukehus - Somatikk
Location
Ålesund, Norway
Career level
Resident (Assistenzarzt)
Posted
Oct 30, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund?

Vi har no eit ledig vikariat på 6 mnd., med oppstart frå snarast.

Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar. Dette gir lærerike og varierte arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje stor nok mengde pasientar som avdelingar ved universitetssjukehus. Du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling, operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling for å fullføre spesialistutdanninga.

Storleiken på avdelinga gjer at overlegar og LIS jobbar tett saman. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar nært anna sjukehuspersonell på heile sjukehuset.I 2025 hadde vi 9142 polikliniske konsultasjonar og 1219 fødslar. Vi er pr d.d 10 spesialistar og 8 LIS2/3 i avdelinga. To av overlegane har PhD og endå ein overlege held på med PhD.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskapar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

KontaktinformasjonLena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5203026205 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 15.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Apply on the employer's site →

More medical jobs in Norway

Browse similar jobs