Medical jobs / Oncology /

Lege i spesialisering onkologi

Hospital or practice
Helse Møre Og Romsdal Hf Ålesund Sjukehus - Somatikk
Location
Ålesund, Norway
Specialty
Oncology
Career level
Resident (Assistenzarzt)
Posted
Nov 4, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!

I seksjon for kreft legar Ålesund har vi frå 01.01.27 ledig 2 faste stillingar for LIS 2/3. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige.

Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!

Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.

Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskapar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

KontaktinformasjonSynnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5201218988 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Apply on the employer's site →

More oncology jobs

More medical jobs in Norway

Browse similar jobs