- Polikliniske konsultasjonar
- Oppfølging av inneliggande pasientar ved Sengepost for kreft og blodsjukdommar, og ved andre avdelingar
- Vurdering og prioritering av tilvisingar
- Ambulant verksemd og heimebesøk
- Deltaking i tverrfaglege møte
- Rådgiving og rettleiing til helsepersonell i sjukehus og i kommunehelsetenesten
- Undervisning og kompetansebygging innan palliasjon
- Bidra til kvalitetsarbeid, fagutvikling og vidareutvikling av tenesta
- Eventuell deltaking i forsking og innovasjonsarbeid
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist innan relevant fagområde. Særleg aktuelle spesialitetar kan vere onkologi, anestesiologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre fagområde med relevans for palliasjon
- Interesse for eller erfaring frå palliasjon
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste er ein fordel
Vi ser etter deg som:
- har eit sterkt engasjement for pasientbehandling og livskvalitet
- møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati
- trivst med tverrfagleg samarbeid
- er fagleg nysgjerrig og ønskjer å vidareutvikle tenesta
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr- Ei spennande stilling i eit fagområde med aukande betydning i helsetenesta
- Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling innan palliasjon
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonSynnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5185242166 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal