Medical jobs /

Overlege innan psykiatri

Hospital or practice
Helse Møre Og Romsdal Hf Sjukehuset Nordmøre Og Romsdal Hjelset - Somatikk
Location
Hjelset, Norway
Career level
Senior physician (Oberarzt)
Posted
Sep 25, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri.

Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk.  Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet.

Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.  Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta. 

Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt. 

Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Regionen vår!Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen herDen fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 2 6450 HJELSET Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 4956051716 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Apply on the employer's site →

Browse similar jobs