Medical jobs /

Lege før turnus/medisinstudent med lisens

Hospital or practice
Helse Møre Og Romsdal Hf Ungdompsykiatrisk Sengepost Døgnseksjon Ålesund Bup
Location
Ålesund, Norway
Posted
Oct 23, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Er DU vår nye kollega?

Ved døgnseksjonen i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som Lege i spesialisering 2/3, lege før turnus/medisinstudent med lisens frå 01.01.27 til 31.08.27.

Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. 

Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Døgnseksjonen er samlokaliser med poliklinikken i Ålesund. Døgnseksjonen har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. 

Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, jobber det i dag 2 overleger, 1 psykologspesialist og 1 psykolog på døgnseksjonen. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskaparVi tilbyr

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonBeate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadGeilebergvegen 18 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5197873794 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 04.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Apply on the employer's site →