Medical jobs /

2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal

Hospital or practice
Tannhelsetenesta I Surnadal
Location
Surnadal, Norway
Posted
Oct 23, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Surnadal på Nordmøre?

Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.

Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida

Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. 

KvalifikasjonarPersonlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

Vi tilbyr

Og ikkje minst: Ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året.

AnnaVi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest

KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadØyatrøvegen 18 6650 Surnadal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5196176197 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Apply on the employer's site →