Medical jobs / Rehabilitation medicine /

Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

Hospital or practice
EURES
Location
Førde, Norway
Specialty
Rehabilitation medicine
Career level
Resident (Assistenzarzt)
Posted
Nov 6, 2026
Listed on
EURES

Apply on the employer's site →

Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering til eit års 100% vikariat ved Førde sentralsjukehus, oppstart snarast eller etter avtale. Stillinga er utan vaktordning.

Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje.

Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.

Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS.

I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort. 

Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss. 

Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling. Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.   

ArbeidsoppgåverKvalifikasjonarPersonlege eigenskaparVi tilbyr

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5204450409 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 23.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Apply on the employer's site →

More rehabilitation medicine jobs

More medical jobs in Norway

Browse similar jobs